Finn Sandum
(?-)
Det regnar ikveld
2018


Det regnar og kvelden blir mørk og lang.
Eg kulsar bak dimme rute
Nå døyr den og dovnar sommarens sang.
Det haustar bå’ inne og ute

Vår Herre gret sine tårar i natt
hans tårar vatnar vår tørre jord.
Han gret for at livet skal koma att
Han viser at han er stor.

Vi ødsla vår rikdom. Vi brende vår mat.
Vi gjorde oss sjølve til Gud
Vi ofra vår jord på mammons fat
Og gløymde hans kjærleiksbud

Vi trossa naturen. Vi baud han til strid
Vi trudde så fast vi kunn’ vinne
Naturen er slik den:Den treng litt tid,
men til slutt han sigren vil finne

Og da er vi alle i samme båt
når mammons sommar står på hell
Da har vi eit halmstrå, vårt siste håp
Vår Herre gret. Det regnar ikveld.

   
index