Finn Sandum
(?-)
Helsing
2016


Vil du ta med ei helsing til fjella
Du som ennå er lett på tå
Vil du helse til reinlav og røslyng
Der min fot ikkje lenger kan gå

Vil du sende meg bud nå du er der
Vil du nøre din eld ved mitt tjønn
Vil du sovne på steinen eg låg der
Vil du gje dei mi siste bøn

At dei kanskje kan hugse eg var der
At eg levde mitt liv der ein gong
Takke for alt eg fekk der
Syng dei min siste song

Vil du ta med deg helsing til fjella
Vil du helse og takke frå meg
Vil du be dei å slette gjelda
Min rikdom eg stal steg for steg
Vil du ta med deg helsing til fjella?

   
index